Kadettmesterskap i Ålesund 24. mai!
Publisert
18. mai 2025
Bilde

Ålesund NTN Taekwon-Do klubb inviterer til kadettmeisterskap laurdag 24. mai i Larsgårdshallen – for alle barn på Sunnmøre!
Meisterskapet varer frå kl. 10.00 til 14.00, og alle får moglegheit til å gå fleire kampar i både mønster, sparring og spesialteknikk (flygande sidespark og high kick)!
Påmelding for barn i Volda NTN Taekwon-Do klubb skjer her!
Instruktørar frå Taekwon-Do-klubbane på Sunnmøre vil vere dommarar og bruke flagg i dømminga. Dei vil også vere coachar, slik at alle kjenner seg trygge og blir heia fram.
Meistring og glede er i fokus denne dagen!
NB! Dei som skal delta i sparring må ha med eige sparringsutstyr.
PS: Alle barn får både medalje og is etter at vi er ferdige!